Alpujarras – eit heimleg dalføre i Andalucía

Hjem / Artikler / Alpujarras – eit heimleg dalføre i Andalucía

Alpujarras er eit dalføre som går langs med kysten austetter frå hovudvegen Granada-Motril, sør for Sierra Nevada. Dalføret er kanskje mest kjent som den siste avkroken der maurarane søkte tilhald, etter at dei vart drivne ut av Granada. Spora etter dei er framleis godt synlege.

Alpujarras mai 2007: Når vi ser snøfjella reiser seg inst i dalen, bak dei kvite landsbyane som klatrar oppetter dalsida, er det nesten som å komme heim. Lufta er varm, men rein og klår. Det er grønt, og mengder av blomar i kvar ein vegkant. Nokre stader ser vi raude enger av valmuer.

Eg må ut av bilen – igjen – for å ta bilete. Må nokre skritt ned frå vegkanten for å få med blomane i forgrunnen, med fjella bak. Her er berre bratte lia nedanfor vegen, så ein må trø varsamt. Brått ser eg rett ned i bakhagen på eit lite gardsbruk, ein finca, 20 meter loddrett under meg. Folk her greier – som folk i trange vestlandsfjordar – å finne plass til husa sine der det knapt går an å fota seg.

PampaneiraEin turist-hotspot med kraftig fjellkost

Vi køyrer eit par kilometer vidare, og kjem så inn i Pampaneira, den nedste av trilling-landsbyane i Alpujarras’ turistiske hotspot. Vi er utanom høgsesongen, men det er tydeleg at turiststraumen gir inntekter til landsbyen. Eit par kilometer lengre opp i lia ligg Bubión, og øvst Capileira. Dei kvitekalka husa klyv tett i tett oppetter dalsida, til landsbyen brått tek slutt. Her er det anten by eller ikkje by, ingen glidande overgang.

Vi går på restaurant i Bubión for å få oss almuerzo – lunsj. Det blir kraftige saker! Dottera mi vel spansk omelett, men det var ikkje rett val. Det er fattigmannskost – omeletten skal fylle magen, og det gjer han – men det kjennest som godt over halve tortillaen er poteter. Eg og konemor er heldigare med plato alpujareño, som viser seg å vere ei bombe av kraftig fjellkost: to forskjellige blodpølser, chorizo-pølse og ei blanding av spekepølse og vossakorv, friterte poteter og salat. Og serrano-skinke. Det er ikkje tilfeldig, for landsbyane øvst i lia i Alpujarras tar imot skinker frå mange stader i Spania til modning i den tørre fjell-lufta. Endå vi deler ein porsjon, blir eg brått så mett at det knapt er råd å gå på føtene etterpå. Dette er mat for folk som skal tole både kulde, varme og bratte bakkar!

Gå i fjellet i Sierra Nevada

Alpujarras er inngangsporten til Sierra Nevada – på norsk Snøfjella, dei høgste fjella i Spania. Den høgste toppen Mulhacén når 3481 meter der verdsmeisterskapen i alpint gjekk føre seg i 1996. Om sommaren er dette området svært populært for fjellvandrarar. Du kan gå frå Capileira, krysse Sierra Nevada og ende i Granada. Det hadde vore noko! Frå toppen av fjellkjeda ser du ut i Middelhavet, medan du kan stå på ski på Mulhacén ut april og kanskje lenger. Om vatnet i Middelhavet ikkje akkurat er lunkent på denne tida, går det faktisk an å kombinere ski- og badeferie.

Landsbyvandring i AlpujarrasFrå Capileira tek vi eit par timars fottur oppetter dalen. Fjellmaten har likevel gitt nye krefter, men den vanskelegaste delen av vår minifjelltur blir å finne vegen ut av landsby-labyrinten. Men reisebøkene Rough Guide og Lonely Planet fortel i detalj kor ein skal gå. Og kan du litt spansk, er det jo berre å spørje folk.

Stien frå Capileira går forbi enger og knausar opp gjennom den tronge dalen. På hi sida ser ein hundrevis av terrassar opp etter dalsida. Dei er bygt slik for mange hundreår sidan, slik at den sparsame vassmengda fordeler seg akkurat slik at den forsyner heile terrassen. For dette er noko av det mest spesielle med Apujarras i spansk sammanhang: denne dalen har vatn heile året. Stadig høyrer ein klukkinga frå rennande vatn. Opp gjennom århundra har store delar av den bratte dalen blitt dyrka opp, sjølv om det tildels er høgt til fjells og varmen om sommaren gjerne ligg på 40 grader om dagen. No midt i mai er det deilige «norske» sommartemperatur her.

Markblomar i mai

Maurarane i Alpujarras

Det var maurarane som bygde vatningsannlegga og terrassane. Dette var det siste området dei måtte forlate på den iberiske halvøya. Etter at Granada fall i 1492, og kong Boabdil i Alhambra måtte reise ut med dei fleste av sine muslimske og jødiske undersåttar, fekk likevel ein del av muslimane lov å bli i Alpujarras. Men dei var ein torn i auga på inkvisisjonen og dei spanske kongane, og fekk ikkje leve i fred. I 1571 blei maurarane sitt siste opprør i Alpujarras slått ned, og denne gongen blei dei etter kvart sende over Middelhavet til dagens Marokko. Nye folkegrupper blei flytt sørover frå Galicia og andre område i nord. Men desse folka kjende ikkje til det intrikate vatningssystemet i Alpujarras. Difor avgjorde kongen at ein kunnig maurar måtte bli buande i kvar landsby for å lære opp sigerherrane. Og slik har maurarane sitt jordbruk levd vidare under kristen dyrking i meir enn fire hundreår etterpå.

Trass i den tildels fanatiske religionsforståinga til dei spanske kongane – som kosta millionar av menneske livet på andre sida av Atlanterhavet i det nyoppdaga Amerika – let desse kongane mange av dei mauriske byggverka stå. Heile Andalucía er også i dag prega av den muslimske fortida, og spanjolane er stolte av den. Gamle moskear blei kyrkjer – som La Mesquita i Cordoba. Berre deler av underverket Alhambra blei øydelagd. Kan hende tykte kongeparet Ferdinand og Isabella at det trass alt var for gale å knuse dette? I alle fall skulle seinare Alhambra bli rekna som eitt av verdas «underverk». I landsbyane i Alpujarras flytte folk nordfrå inn i dei mauriske husa, og dei bygde vidare i same stil. Og i dag lever derfor den mauriske fortida vidare i dei unike og vakre kvite landsbyane i Andalucia i dag.

AlpujarrasSlikt tenkjer ein på når ein går opp gjennom liene i Alpujarras med snøfjella rett i mot øvst i dalen. Langsetter dalsida, ved sida av stien, dukker det stadig opp vatningskanalar som blir fordelt ned etter terrassane. Eg kan ikkje fri meg for å samanlikne med korleis etniske reinsingar i vår tid ofte prøver å slette alle spor etter det fordrivne folket.

Jordbruk heilt til topps

Tidlegare blei det dyrka korn og alt som var nødvendig for å overleve på terrassane i Alpujarras. Kontakten med verda utanfor var svært sparsam. Skikkeleg veg blei ikkje bygt før på 50-60-talet. I dag tar det berre ein times tid å køyre frå Almuñecar ved solkysten og opp til Capileira øvst opp i lia mot Sierra Nevada. For eit par år sidan blei vegen frå Capileira til Mulhacén stengt. Den skal ha vore spektakulær, og ga også vestlendingar angst mot å sjå utfor kanten. Den som lika slike vegar for vone han blir opna igjen.

Det ligg ei låg fjellkjede langs kysten frå Motril og austetter mot Almería, parallelt med Sierra Nevada. Det er Sierra de la Contraviesa. Denne er for ein stor del dyrka opp heilt til topps, og det går ein veg langsetter toppen der ein har utsikt ned bratte lier og ut over Middelhavet til den eine sida, og mot Sierra Nevadas snøkledde toppar på hi sida. Her oppe i høgda dyrker dei lokale bøndene vindruer til produksjon av sin lokale Costa-vin. Den er alltid rosé, og smakar heilt forskjellig frå det meste av vanleg kvalitetsvin som eg har smakt. Første forsøk, på ein bar i Albondón var eit lett sjokk – vi klarte ikkje drikke opp glaset.

TorvizcónVin frå Cola-flasker

Men då vi stansa for overnatting i Torvizcón, trefte vi på eit triveleg eldre ektepar som baud på eigenprodusert vin. Den blei skjenkt fra ei brukt Brandy-flaske – som er litt bedre stil enn standard-flaska: 2-liters Cola. Dette var ein heilt annan smak: lett og frisk, og freistande å hive i seg fleire glas av. Verten blei synleg skuffa over at vi nøygde oss med eit par glas – han var stolt av vinen sin, som var lagt på druer frå hans eigne tre på fjellet. I staden kjøpte vi med oss ein toliter frå naboen hans, som skulle vere av akkurat same kvalitet. Men overraskinga vår var stor då vi smakte på han – dette var endå noko heilt anna! Men den blei likevel god å ha til å gi bort til lokale hjelparar då vi skulle reise heim. Denne litt søtlege vinen, som nokre gonger kan minne om vår eigen ikkje heilt vellukka heimeproduksjon frå amatør-vinsett, den blir brukt som matvin av alle i Alpujarras, og etter kva innflyttarar seier, venner ein seg til smaken etter kvart, og mange blir riktig glad i den.

Sjarmerande og hemmelege vegar

Kontrasten mellom landsbyvegane i Alpujarras og hovudvegen langs kysten er slåande – ikkje berre naturen, men kor stille det er, kor lite trafikk, for ei ro ein får i sjela endå ein faktisk køyrer bil i eit framant land! Alle vegar finst ikkje på alle kart, og informasjonen kan vere ganske omtrentleg – som du raskt ser på Google maps. På veg frå Torvizcón tvers over dalen til Busquistar, blei vi stoppa av ein vegarbeidar som varsla om at vegen var stengt lenger framme. Etter litt akkedering fann vi ut at vi kunne krysse dalen om vi valde å køyre via ein annan landsby i same retning – Nieles. Ei mil lenger framme, etter 500 svingar eller så, varsla nok ein vegarbeidar oss om det same, men jau, vi kunne rett nok ta vegen om Nieles. Men da vi kom til Nieles, var vegen der stengt med bom, så det var ikkje anna råd enn å snu. Vi møtte den siste vegarbeidaren på same plass, men no var vegen til Busquistar open! Og han ville slett ikkje tru på at vegen ved Nieles var stengt. Men vi kom fram, og det var ein triveleg avstikkar uansett!

Valmueenger midt i mai
Valmueenger midt i mai

Sti-vandring mellom landsbyane

Det går stiar mellom dei fleire titals landsbyane i Alpujarras. Mange av stiane er reine perler – om våren går ein gjennom blomsterflor, du kan dusje i fossar du passerer, naturen skifter brått for kvar sving. Og i neste landsby er det (nesten) alltid ein bar som sel kaldt øl og deilig mat.

Det var ingen skandinavar å sjå i Alpujarras. Det er kan hende litt rart, for dalen opplevast på ein måte som kjente trakter for ein nordmann. Litt spansk-kunnskap er nyttig der folk flest ikkje kan engelsk, men som alle stader i verda kjem ein langt med finger- og kroppsspråk.

Knut Faldbakkens hemmelige Spania (Aftenposten)

Las Alpujarras på Wikipedia

Lesetips: Knut Faldbakken: Mitt tredje Spania

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

    Send en forespørsel om tilbud fra Birkeland Web

    Navnet ditt (obligatorisk)

    E-post (obligatorisk)

    Telefon

    Emne

    Melding: hva ønsker du et tilbud på?



    Kontaktskjemaet sender en epost til Birkeland Web.
    Vi bruker Googles epost-tjenester, og din henvendelse vil altså lagres i Googles systemer.

    Birkeland Web

    Asbjørnsens gate 25, 5053 Bergen. Tlf. 90574018
    epost [email protected]